3. Mosebok 7:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er lova om skuldofferet: Høgheilagt er det.

2. På same staden som dei slaktar brennofferdyret, skal dei slakta skuldofferdyret. Blodet skal dei skvetta rundt ikring på altaret,

3. og alt feittet skal dei ofra: feitthalen, netja,

4. begge nyrene med talga som er på dei innmed hoftemusklane, og leverlappen, som skal skjerast ut saman med nyrene.

5. Presten skal brenna det på altaret som eldoffer til Herren. Det er eit skuldoffer.

6. Alle menn som er prestar, kan eta av det. På ein heilag stad skal det etast. Høgheilagt er det.

7. Med skuldofferet skal det vera som med syndofferet. Same lova gjeld begge. Den presten som gjer soning med det, han skal ha det.

8. Når ein prest ofrar brennoffer for nokon, skal denne presten ha skinnet av offerdyret han har bore fram.

9. Alle grødeoffer som vert bakte i omn, kokte i gryte eller steikte på helle, skal han ha, den presten som ber dei fram.

10. Men alle andre grødeoffer, anten dei er blanda med olje eller turre, skal høyra Arons-sønene til, den eine som den andre.

11. Dette er lova om måltidsofferet, som vert ofra til Herren:

3. Mosebok 7