3. Mosebok 6:4-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Så skal han ta av seg kledebunaden sin, ha på seg andre klede og bera oska ut or leiren til ein rein stad.

5. Elden skal haldast brennande på altaret; han må ikkje slokna. Kvar morgon skal presten nøra elden med ved, leggja brennofferet til rettes på veden og brenna feittet av måltidsofferet.

6. Det skal alltid brenna eld på altaret; han må ikkje slokna.

7. Dette er lova om grødeofferet: Arons-sønene skal bera det fram for Herrens åsyn, fram til altaret.

8. Presten skal ta ein neve av kveitemjølet og oljen i grødeofferet og all røykjelsen som er lagd på grødeofferet, og brenna det på altaret. Det er eit påminningsoffer til godange for Herren.

9. Det som er att av offeret, skal Aron og sønene hans eta. Det skal etast usyrt på ein heilag stad. I føregarden til møteteltet skal dei eta det.

10. Med surdeig må det ikkje bakast. Det er den delen eg har gjeve dei av eldoffera mine. Høgheilagt er det liksom syndofferet og skuldofferet.

11. Alle menn som er ætta frå Aron, kan eta det. Gjennom alle tider og ætter skal det vera dykkar del av Herrens eldoffer. Kvar den som rører ved det, vert heilag.

3. Mosebok 6