3. Presten skal kle seg i linkjortelen sin og bera ei bukse av lin nærast kroppen. Han skal ta bort oska etter brennofferet som elden har tært opp på altaret, og leggja henne attmed altaret.
4. Så skal han ta av seg kledebunaden sin, ha på seg andre klede og bera oska ut or leiren til ein rein stad.
5. Elden skal haldast brennande på altaret; han må ikkje slokna. Kvar morgon skal presten nøra elden med ved, leggja brennofferet til rettes på veden og brenna feittet av måltidsofferet.
6. Det skal alltid brenna eld på altaret; han må ikkje slokna.
7. Dette er lova om grødeofferet: Arons-sønene skal bera det fram for Herrens åsyn, fram til altaret.
8. Presten skal ta ein neve av kveitemjølet og oljen i grødeofferet og all røykjelsen som er lagd på grødeofferet, og brenna det på altaret. Det er eit påminningsoffer til godange for Herren.
9. Det som er att av offeret, skal Aron og sønene hans eta. Det skal etast usyrt på ein heilag stad. I føregarden til møteteltet skal dei eta det.