25. Presten skal ta noko av syndofferblodet på fingeren og stryka det på horna på brennofferaltaret. Det som er att av blodet, skal han hella ut nedmed foten på brennofferaltaret.
26. Alt feittet skal han brenna på altaret, liksom han gjorde med feittet av måltidsofferet. Såleis skal presten gjera soning for han og for synda hans, så han får tilgjeving.
27. Er det ein mann av folket som av vanvare syndar mot eit av Herrens bod og gjer noko som han ikkje har lov til, og fører skuld over seg,
28. skal han bera fram eit offer for synda når han skjønar at han har synda. Det skal vera ei geit som er utan lyte.
29. Han skal leggja handa på hovudet åt syndofferdyret og slakta det på same staden som dei slaktar brennofferdyret.
30. Presten skal ta noko av blodet på fingeren og stryka det på horna på brennofferaltaret. Det som er att av blodet, skal han hella ut nedmed altarfoten.
31. Alt feittet skal han ta ut, liksom dei tek feittet ut or måltidsofferet. Presten skal brenna det på altaret til godange for Herren. Såleis skal presten gjera soning for han, så han får tilgjeving.
32. Tek han ein sau til syndoffer, skal han koma med eit lytelaust hodyr.
33. Han skal leggja handa på hovudet åt dyret og slakta det til eit syndoffer på same staden som dei slaktar brennofferdyret.
34. Presten skal ta noko av syndofferblodet på fingeren og stryka det på horna på brennofferaltaret. Det som er att av blodet, skal han hella ut nedmed altarfoten.
35. Alt feittet skal han ta ut, liksom dei tek feittet ut or ein sau dei ofrar som måltidsoffer. Presten skal brenna det på altaret saman med eldofferet til Herren. Såleis skal presten gjera soning for han og for den synda han har gjort, så han får tilgjeving.