3. Mosebok 4:2-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Sei til israelittane: Når nokon syndar av vanvare mot eit av Herrens bod og gjer noko han ikkje har lov til, gjeld desse føresegnene:

3. Er det den salva presten som syndar og fører skuld over folket, skal han ofra ein ung, lytelaus okse som syndoffer til Herren for den synda han har gjort.

4. Han skal leia oksen fram for Herrens åsyn, til møteteltdøra, leggja handa på hovudet åt oksen og slakta han for Herrens åsyn.

5. Presten som er salva, skal ta noko av okseblodet og bera det inn i møteteltet.

6. Han skal duppa fingeren i blodet og skvetta litt av det sju gonger for Herrens åsyn, framfor forhenget i heilagdomen.

7. Noko av blodet skal han stryka på horna på altaret med den velluktande røykjelsen, det som står for Herrens åsyn i møteteltet. Det som er att av okseblodet, skal han hella ut nedmed foten på brennofferaltaret, som står framfor møteteltdøra.

8. Alt feittet skal han ta ut or syndofferoksen, både netja og alt feittet som er på innvolen,

9. begge nyrene med talga som er på dei innmed hoftemusklane, og leverlappen, som han skal skjera ut saman med nyrene.

10. Alt dette skal presten ta ut, like eins som på oksen til måltidsofferet, og så skal han brenna det på brennofferaltaret.

11. Men skinnet av oksen og alt kjøtet, med hovud og føter, innvol og mageinnhald,

12. heile oksen, skal han føra ut or leiren til ein rein stad, der dei tømer den feite offeroska, og brenna han opp med ved. På den staden der dei tømer offeroska, skal han brennast.

13. Har heile Israels-lyden synda av vanvare, har heile folket utan å vita om det gjort noko som ikkje er tillate etter eit av Herrens bod, og ført skuld over seg,

14. skal folket ofra ein ung okse til syndoffer når synda vert kjend. Dei skal leia han fram til møteteltet,

15. dei eldste av lyden skal leggja hendene på hovudet åt oksen for Herrens åsyn, og så skal oksen slaktast der.

16. Presten som er salva, skal bera noko av okseblodet inn i møteteltet.

17. Han skal duppa fingeren i blodet og skvetta det sju gonger for Herrens åsyn, framfor forhenget.

18. Noko av blodet skal han stryka på horna på det altaret som står for Herrens åsyn i møteteltet. Det som er att av blodet, skal han hella ut nedmed foten på brennofferaltaret, som står framfor møteteltdøra.

19. Alt feittet skal han ta ut or oksen og brenna det på altaret.

20. Som han gjorde med den fyrste syndofferoksen, så skal han gjera med denne òg. Såleis skal presten gjera soning for dei, så dei får tilgjeving.

3. Mosebok 4