18. Noko av blodet skal han stryka på horna på det altaret som står for Herrens åsyn i møteteltet. Det som er att av blodet, skal han hella ut nedmed foten på brennofferaltaret, som står framfor møteteltdøra.
19. Alt feittet skal han ta ut or oksen og brenna det på altaret.
20. Som han gjorde med den fyrste syndofferoksen, så skal han gjera med denne òg. Såleis skal presten gjera soning for dei, så dei får tilgjeving.
21. Han skal føra oksen ut or leiren og brenna han, liksom han brende den fyrste oksen. Dette er syndofferet for Israels-lyden.
22. Når ein hovding av vanvare syndar mot eit av boda åt Herren sin Gud, og gjer noko som han ikkje har lov til, og fører skuld over seg,
23. då skal han bera fram eit offer når han skjønar at han har synda. Det skal vera ein bukk som er utan lyte.
24. Han skal leggja handa på hovudet åt bukken og slakta han på same staden som dei slaktar brennofferdyret, for Herrens åsyn. Dette er eit syndoffer.
25. Presten skal ta noko av syndofferblodet på fingeren og stryka det på horna på brennofferaltaret. Det som er att av blodet, skal han hella ut nedmed foten på brennofferaltaret.
26. Alt feittet skal han brenna på altaret, liksom han gjorde med feittet av måltidsofferet. Såleis skal presten gjera soning for han og for synda hans, så han får tilgjeving.
27. Er det ein mann av folket som av vanvare syndar mot eit av Herrens bod og gjer noko som han ikkje har lov til, og fører skuld over seg,