3. Mosebok 4:13-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Har heile Israels-lyden synda av vanvare, har heile folket utan å vita om det gjort noko som ikkje er tillate etter eit av Herrens bod, og ført skuld over seg,

14. skal folket ofra ein ung okse til syndoffer når synda vert kjend. Dei skal leia han fram til møteteltet,

15. dei eldste av lyden skal leggja hendene på hovudet åt oksen for Herrens åsyn, og så skal oksen slaktast der.

16. Presten som er salva, skal bera noko av okseblodet inn i møteteltet.

17. Han skal duppa fingeren i blodet og skvetta det sju gonger for Herrens åsyn, framfor forhenget.

18. Noko av blodet skal han stryka på horna på det altaret som står for Herrens åsyn i møteteltet. Det som er att av blodet, skal han hella ut nedmed foten på brennofferaltaret, som står framfor møteteltdøra.

19. Alt feittet skal han ta ut or oksen og brenna det på altaret.

20. Som han gjorde med den fyrste syndofferoksen, så skal han gjera med denne òg. Såleis skal presten gjera soning for dei, så dei får tilgjeving.

21. Han skal føra oksen ut or leiren og brenna han, liksom han brende den fyrste oksen. Dette er syndofferet for Israels-lyden.

3. Mosebok 4