3. Mosebok 27:4-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Ei kvinne skal verdsetjast til tretti sekel.

5. Eit menneske som er mellom fem og tjue år, skal verdsetjast til tjue sekel dersom det er ein gut, og til ti dersom det er ei jente.

6. Er det eit barn mellom ein månad og fem år, skal verdien på ein gut vera fem sekel sølv og på ei jente tre sekel sølv.

7. Dei som er seksti år eller meir, skal verdsetjast til femten sekel dersom det er menn, og til ti sekel dersom det er kvinner.

8. Er nokon så fattig at han ikkje kan betala desse pengane, skal dei koma til presten med han, og presten skal setja verdien etter det han har råd til, han som gav lovnaden.

9. Gjeld lovnaden slike dyr som kan ofrast til Herren, skal alt det ein gjev av dei, vera heilagt.

10. Ein må ikkje byta det eller gje eit anna dyr i staden, korkje eit godt for eit ringt eller eit ringt for eit godt. Byter ein likevel eit dyr i eit anna, skal dei begge reknast for heilage.

11. Gjeld lovnaden eit ureint dyr, eit av dei som ikkje kan ofrast til Herren, skal det leiast fram for presten.

12. Og presten skal verdsetja det etter som det er, godt eller ringt. Den verdien som presten fastset, skal det ha.

13. Vil eigaren løysa det inn, skal han leggja ein femtedel til verdien.

14. Når nokon vier huset sitt til Herren, skal presten verdsetja det etter som det er, godt eller ringt. Den verdien som presten fastset, skal stå ved lag.

15. Vil den som har vigt huset sitt, løysa det inn, skal han betala ein femtedel meir enn det er verdsett til. Då vert det hans.

16. Når nokon vier eit stykke av odelsjorda si til Herren, rettar verdien seg etter mengda av såkorn: til ein homer bygg svarar femti sekel sølv.

17. Vier han jorda heilt frå frigjevingsåret, skal den fastsette verdien gjelda fullt ut.

18. Men er det etter frigjevingsåret han vier jorda, skal presten rekna ut verdien etter dei åra som er att til komande frigjevingsår, og prisen skal setjast tilsvarande ned.

19. Vil den som har vigt eit stykke jord, løysa det inn, skal han leggja ein femtedel til verdien. Då er det hans for godt.

20. Men løyser han ikkje jordstykket, eller sel han det til ein annan, kan det ikkje løysast meir.

21. Når det vert fritt i frigjevingsåret, skal det vera vigt til Herren, liksom bannlyst jord. Presten skal få det i eige.

3. Mosebok 27