22. Når nokon kjøper eit jordstykke som ikkje har høyrt odelsjorda hans til, og vier det til Herren,
23. skal presten rekna ut verdien etter den tida som er att til komande frigjevingsår, og mannen skal betala pengane same dagen. Dei skal vera vigde til Herren.
24. I frigjevingsåret fell jorda tilbake til seljaren, han som har odelsretten.
25. All verdsetjing skal vera i den vekt dei nyttar i heilagdomen, der ein sekel er tjue gera.
26. Det som er fyrstefødt i buskapen, må ingen via. Fordi det er fyrstefødt, høyrer det Herren til. Anten det er storfe eller småfe, høyrer det Herren til.
27. Er det ureine dyr, skal ein løysa dei inn etter verdien og leggja til ein femtedel. Vert dei ikkje innløyste, skal dei seljast for verdien.