3. Mosebok 27:16-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Når nokon vier eit stykke av odelsjorda si til Herren, rettar verdien seg etter mengda av såkorn: til ein homer bygg svarar femti sekel sølv.

17. Vier han jorda heilt frå frigjevingsåret, skal den fastsette verdien gjelda fullt ut.

18. Men er det etter frigjevingsåret han vier jorda, skal presten rekna ut verdien etter dei åra som er att til komande frigjevingsår, og prisen skal setjast tilsvarande ned.

19. Vil den som har vigt eit stykke jord, løysa det inn, skal han leggja ein femtedel til verdien. Då er det hans for godt.

20. Men løyser han ikkje jordstykket, eller sel han det til ein annan, kan det ikkje løysast meir.

21. Når det vert fritt i frigjevingsåret, skal det vera vigt til Herren, liksom bannlyst jord. Presten skal få det i eige.

22. Når nokon kjøper eit jordstykke som ikkje har høyrt odelsjorda hans til, og vier det til Herren,

23. skal presten rekna ut verdien etter den tida som er att til komande frigjevingsår, og mannen skal betala pengane same dagen. Dei skal vera vigde til Herren.

24. I frigjevingsåret fell jorda tilbake til seljaren, han som har odelsretten.

25. All verdsetjing skal vera i den vekt dei nyttar i heilagdomen, der ein sekel er tjue gera.

3. Mosebok 27