15. Vil den som har vigt huset sitt, løysa det inn, skal han betala ein femtedel meir enn det er verdsett til. Då vert det hans.
16. Når nokon vier eit stykke av odelsjorda si til Herren, rettar verdien seg etter mengda av såkorn: til ein homer bygg svarar femti sekel sølv.
17. Vier han jorda heilt frå frigjevingsåret, skal den fastsette verdien gjelda fullt ut.
18. Men er det etter frigjevingsåret han vier jorda, skal presten rekna ut verdien etter dei åra som er att til komande frigjevingsår, og prisen skal setjast tilsvarande ned.
19. Vil den som har vigt eit stykke jord, løysa det inn, skal han leggja ein femtedel til verdien. Då er det hans for godt.
20. Men løyser han ikkje jordstykket, eller sel han det til ein annan, kan det ikkje løysast meir.
21. Når det vert fritt i frigjevingsåret, skal det vera vigt til Herren, liksom bannlyst jord. Presten skal få det i eige.
22. Når nokon kjøper eit jordstykke som ikkje har høyrt odelsjorda hans til, og vier det til Herren,
23. skal presten rekna ut verdien etter den tida som er att til komande frigjevingsår, og mannen skal betala pengane same dagen. Dei skal vera vigde til Herren.
24. I frigjevingsåret fell jorda tilbake til seljaren, han som har odelsretten.
25. All verdsetjing skal vera i den vekt dei nyttar i heilagdomen, der ein sekel er tjue gera.
26. Det som er fyrstefødt i buskapen, må ingen via. Fordi det er fyrstefødt, høyrer det Herren til. Anten det er storfe eller småfe, høyrer det Herren til.
27. Er det ureine dyr, skal ein løysa dei inn etter verdien og leggja til ein femtedel. Vert dei ikkje innløyste, skal dei seljast for verdien.
28. Når ein mann vier noko av alt det han eig, til Herren som bannlyst gods, anten det er folk eller fe eller odelsjord, då må det ikkje seljast og ikkje løysast. Alt bannlyst er høgheilagt og høyrer Herren til.
29. Eit menneske som er bannlyst, kan ikkje løysast. Det skal drepast.
30. All tiend i landet, både av grøda på marka og av frukta på trea, høyrer Herren til. Ho er vigd til Herren.
31. Vil ein mann løysa inn noko av tienda, skal han leggja til ein femtedel.
32. All tiend av storfe og småfe, av alt som går under gjætarstav, kvart tiande dyr, skal vera vigt til Herren.
33. Ein skal ikkje sjå etter om det er godt eller ringt, og ikkje byta det. Vert det bytt i eit anna, skal begge dyra vera heilage, og dei kan ikkje løysast.
34. Dette er dei bod som Herren gav Moses på Sinai-fjellet og baud han kunngjera for israelittane.