1. Herren tala til Moses og sa:
2. Sei til israelittane: Når nokon gjev ein høgtideleg lovnad om å via eit menneske til Herren, skal løysingssummen fastsetjast såleis:
3. Ein mann som er mellom tjue og seksti år, skal verdsetjast til femti sekel sølv etter den vekt dei nyttar i heilagdomen.
4. Ei kvinne skal verdsetjast til tretti sekel.
5. Eit menneske som er mellom fem og tjue år, skal verdsetjast til tjue sekel dersom det er ein gut, og til ti dersom det er ei jente.
6. Er det eit barn mellom ein månad og fem år, skal verdien på ein gut vera fem sekel sølv og på ei jente tre sekel sølv.