3. Mosebok 26:7-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. De skal forfylgja fiendane, og dei skal falla for sverdet dykkar.

8. Fem av dykk skal jaga hundre, og hundre skal jaga ti tusen. Fiendane skal falla for sverdet dykkar.

9. Eg vil venda meg til dykk og la dykk veksa og aukast; eg vil halda mi pakt med dykk.

10. De skal eta fjorgamalt korn heilt til de må rydja det bort så de får plass til det nye.

11. Eg vil reisa min bustad mellom dykk og ikkje ha motvilje mot dykk.

12. Midt imellom dykk vil eg ferdast. Eg vil vera dykkar Gud, og de skal vera mitt folk.

13. Eg er Herren dykkar Gud, som førte dykk ut or Egypt, så de ikkje skulle træla der lenger. Eg braut sund stengene i åket dykkar, så de kunne gå rake.

14. Men vil de ikkje høyra på meg og halda alle desse boda,

15. vanvørder de føresegnene mine og viser motvilje mot lovene mine, så de ikkje held alle boda mine, men bryt mi pakt,

16. då gjer eg like eins mot dykk: Eg straffar dykk med redsler, med tæring og feber, så augo sloknar og livskrafta kverv. Til inga nytte skal de så; for fiendar et det de avlar.

17. Eg vender meg mot dykk, og de skal liggja under for fiendane. Dei som hatar dykk, skal rå over dykk, og de skal røma om ingen er etter dykk.

18. Og vil de endå ikkje høyra på meg, skal eg tukta dykk sju gonger så hardt for syndene dykkar.

19. Eg bryt dykkar stolte makt. Himmelen over dykk gjer eg tett som jern og jorda under dykk hard som bronse.

20. Til inga nytte skal de slita dykk ut; for landet gjev ikkje grøde, og trea på marka ber ikkje frukt.

3. Mosebok 26