3. Mosebok 26:39-46 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

39. Og dei av dykk som enno er att, skal tærast bort i fiendelandet, fordi dei har synda. Ja, dei skal òg tærast bort fordi fedrane deira synda.

40. Då skal dei sanna misgjerningane sine og misgjerningane åt fedrane, at dei var trulause og sette seg opp mot meg.

41. Difor vil eg òg setja meg opp mot dei og føra dei til fiendeland. Då skal det uomskorne hjarta deira bøya seg, og dei skal få bøta for misgjerningane sine.

42. Så vil eg koma i hug mi pakt med Jakob og Isak og Abraham, og landet vil eg òg koma i hug.

43. Men dei må fyrst fara bort frå landet, så det kan ta att sabbatsåra sine medan det ligg audt etter dei. Og dei må bøta for si skuld, fordi dei vanvørde lovene mine og viste motvilje mot føresegnene mine.

44. Men jamvel då, når dei er i fiendelandet, vil eg ikkje støyta dei bort og visa motvilje mot dei. Eg vil ikkje gjera ende på dei og ikkje bryta mi pakt med dei. For eg er Herren deira Gud.

45. Til beste for dei vil eg koma i hug pakta med fedrane, som eg førte ut or Egypt midt for augo på folkeslaga, fordi eg ville vera deira Gud. Eg er Herren.

46. Dette er dei føresegner, bod og lover som Herren sette mellom seg og israelittane på Sinai-fjellet og lét Moses kunngjera for dei.

3. Mosebok 26