3. Mosebok 26:23-39 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Og lèt de dykk endå ikkje tukta, men set dykk opp mot meg,

24. vil eg òg setja meg opp mot dykk og slå dykk sju gonger så hardt for syndene dykkar.

25. Eg sender mot dykk eit sverd som hemner paktbrotet. Og rømer de til byane, sender eg pest inn imellom dykk, og de skal falla i fiendehand.

26. Når eg bryt sund brødstaven for dykk, skal ti kvinner steikja brød i ein og same omnen. Dei skal gje dykk brødet att etter vekt, og de skal ikkje få eta dykk mette.

27. Dersom de endå ikkje høyrer på meg, men set dykk opp mot meg,

28. vil eg verta vreid og setja meg opp mot dykk og tukta dykk sju gonger så hardt for syndene dykkar.

29. Då vert de nøydde til å eta kjøtet av sønene og døtrene dykkar.

30. Eg øyder offerhaugane dykkar, gjer ende på røykjelsesaltara og kastar lika av dykk opp på dei stygge, livlause avgudane dykkar; for de byd meg imot.

31. Eg gjer byane dykkar til ei øydemark og legg heilagdomane i røys og bryr meg ikkje om angen som stig opp frå offera dykkar.

32. Eg gjer landet så audt at fiendane som bur der, vert fælne.

33. Men dykk vil eg spreia mellom folkeslaga, og med sverd i hand vil eg forfylgja dykk. Landet dykkar skal verta ei øydemark og byane ein grushaug.

34. Då skal landet ta att sabbatsåra sine, heile den tida det ligg i øyde, medan de er i fiendelandet. Ja, då skal landet kvila og ta att sabbatsåra sine.

35. Så lenge det ligg audt, skal det kvila. Då skal det få den kvila det ikkje fekk i sabbatsåra, medan de budde der.

36. Og dei av dykk som er att, vil eg gjera så redde der ute i fiendelandet at lyden av fykande lauv skal jaga dei. Dei skal røma som ein rømer for sverdet, og falla om ingen er etter dei.

37. I redsle for sverdet skal dei snåva og falla, den eine over den andre, endå ingen forfylgjer dei. De skal ikkje stå dykk mot fienden,

38. men gå til grunne mellom folkeslaga; fiendelandet skal gjera ende på dykk.

39. Og dei av dykk som enno er att, skal tærast bort i fiendelandet, fordi dei har synda. Ja, dei skal òg tærast bort fordi fedrane deira synda.

3. Mosebok 26