3. Mosebok 26:18-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Og vil de endå ikkje høyra på meg, skal eg tukta dykk sju gonger så hardt for syndene dykkar.

19. Eg bryt dykkar stolte makt. Himmelen over dykk gjer eg tett som jern og jorda under dykk hard som bronse.

20. Til inga nytte skal de slita dykk ut; for landet gjev ikkje grøde, og trea på marka ber ikkje frukt.

21. Og set de dykk endå opp mot meg og ikkje vil høyra på meg, slår eg dykk sju gonger så hardt for syndene dykkar.

22. Eg sender villdyr mot dykk. Dei skal røva borna dykkar, drepa feet og gjera dykk få i talet, så vegane i landet vert aude.

23. Og lèt de dykk endå ikkje tukta, men set dykk opp mot meg,

24. vil eg òg setja meg opp mot dykk og slå dykk sju gonger så hardt for syndene dykkar.

25. Eg sender mot dykk eit sverd som hemner paktbrotet. Og rømer de til byane, sender eg pest inn imellom dykk, og de skal falla i fiendehand.

26. Når eg bryt sund brødstaven for dykk, skal ti kvinner steikja brød i ein og same omnen. Dei skal gje dykk brødet att etter vekt, og de skal ikkje få eta dykk mette.

27. Dersom de endå ikkje høyrer på meg, men set dykk opp mot meg,

28. vil eg verta vreid og setja meg opp mot dykk og tukta dykk sju gonger så hardt for syndene dykkar.

3. Mosebok 26