3. Mosebok 23:20-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Presten skal svinga dei for Herrens åsyn saman med brøda av fyrstegrøda og to lam. Dei skal vera vigde til Herren og høyra presten til.

21. Same dagen skal de ropa ut ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid. Dette skal vera ei evig lov for dykk og etterkomarane dykkar, kvar de så bur.

22. Når de haustar inn grøda i landet, skal du ikkje skjera kornet heilt ut til åkerkanten, og dei aksa som ligg att etter skurden, skal du ikkje plukka opp. Du skal la dei liggja til dei fattige og innflyttarane. Eg er Herren dykkar Gud.

23. Herren tala til Moses og sa:

24. Sei til israelittane: Den fyrste dagen i den sjuande månaden skal de halda kviledag. Då skal de blåsa i horn og minna om den heilage samlinga.

25. Den dagen må de ikkje gjera noko arbeid, og de skal bera fram eldoffer for Herren.

26. Herren tala til Moses og sa:

27. Den tiande dagen i same månaden skal vera soningsdag. Då skal de halda ei heilag samling, fasta og bera fram eldoffer for Herren.

28. Den dagen må de ikkje gjera noko arbeid, for det er soningsdag. Då skal det gjerast soning for dykk framfor Herren dykkar Guds åsyn.

29. Alle som ikkje fastar den dagen, skal rydjast ut or folket sitt.

30. Og kvar den som gjer noko arbeid den dagen, vil eg tyna midt imellom folket hans.

31. De skal ikkje gjera noko arbeid. Det skal vera ei evig lov for dykk og etterkomarane dykkar, kvar de så bur.

32. De skal ha full kviledag, og de skal fasta. Frå niande dags kvelden i den månaden til kvelden etter skal de halda sabbatskvild.

33. Herren tala til Moses og sa:

34. Sei til israelittane: Frå den femtande dagen i den sjuande månaden skal de halda lauvhyttehelg for Herren i sju dagar.

3. Mosebok 23