1. Herren tala til Moses og sa:
2. Sei til israelittane: Dette er Herrens høgtider, mine fastsette tider, då de skal lysa ut heilage samlingar.
3. Seks dagar skal de arbeida, men den sjuande dagen skal vera full kviledag med heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid. Det skal vera sabbat for Herren alle stader der de bur.
4. Dette er Herrens høgtider, dei heilage samlingane som de til fastsette tider skal ropa ut.
5. Den fjortande dagen i den fyrste månaden, straks etter soleglad, er det påske for Herren.
6. Og den femtande dagen i same månaden er det usyrdebrødshelg for Herren. I sju dagar skal de eta usyrt brød.
7. Den fyrste dagen skal de halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid.
8. Alle sju dagane skal de bera fram eldoffer for Herren. Den sjuande dagen skal de òg halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid.
9. Herren tala til Moses og sa:
10. Sei til israelittane: Når de kjem inn i det landet eg vil gje dykk, og skjer kornet der, då skal de gå til presten med det fyrste kornbandet de har skore.