3. Mosebok 20:7-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. De skal helga dykk og vera heilage. For eg er Herren dykkar Gud.

8. Gjev akt på føresegnene mine og lev etter dei! Eg er Herren, som helgar dykk.

9. Den som forbannar far sin eller mor si, skal døy. Han har forbanna foreldra sine, og det kviler blodskuld på han.

10. Når ein mann driv hor med ei gift kvinne, skal dei begge døy, både mannen og kvinna som har brote ekteskapet.

11. Den som ligg med kona til far sin, vanærar far sin. Dei skal begge døy; det kviler blodskuld på dei.

12. Når ein mann ligg med sonekona si, skal dei begge døy. Dei har gjort ei stygg gjerning; det kviler blodskuld på dei.

13. Når ein mann ligg med ein annan mann som ein ligg med ei kvinne, har dei begge gjort ei stygg gjerning. Dei skal døy; det kviler blodskuld på dei.

3. Mosebok 20