15. Ein mann som har omgang med eit dyr, skal døy, og dyret skal de drepa.
16. Når ei kvinne går til eit dyr og parar seg med det, skal du drepa både kvinna og dyret. Dei skal døy; det kviler blodskuld på dei.
17. Når ein mann gifter seg med syster si, som har same far eller same mor som han, og dei har sett kvarandre nakne, då er det ei skam, og dei skal rydjast ut for augo på landsmennene sine. Han har lege med syster si og ført skuld over seg.
18. Den som går til sengs med ei kvinne som har månadstida si og ligg med henne, han har teke dekket av kjelda hennar, og ho har vist fram blodkjelda si. Dei skal begge rydjast ut or folket sitt.
19. Du skal ikkje liggja med syster til mor di eller far din. Den som det gjer, vanærar si eiga ætt. Dei fører skuld over seg.
20. Den som ligg med kona til farbror sin, vanærar farbror sin. Dei fører synd over seg og skal døy barnlause.
21. Når ein mann gifter seg med kona til bror sin, er det ei skamleg gjerning. Han vanærar bror sin; dei skal ikkje få born.
22. Gjev akt på alle føresegnene og lovene mine, og lev etter dei! Då skal de ikkje verta utspydde or det landet som eg vil føra dykk til og la dykk bu i.
23. Fylg ikkje skikkane åt dei folkeslaga som eg driv ut for dykk! Dei gjer alt dette, og difor har eg avsky for dei.
24. Men til dykk har eg sagt: De skal ta landet frå dei, eit land som fløymer med mjølk og honning. Eg vil la dykk få det til eige. Eg er Herren dykkar Gud, som har skilt dykk ut frå dei andre folka.
25. Difor skal de skilja mellom reine og ureine dyr og mellom ureine og reine fuglar, og ikkje gjera dykk sjølve avskyelege med å eta dei dyra eller fuglane eller krypdyra som eg har skilt ut og sagt at de skal halda for ureine.
26. De skal vera heilage for meg, for eg, Herren, er heilag, og eg har skilt dykk ut frå alle andre folkeslag, så de skal høyra meg til.
27. Når ein mann eller ei kvinne har ei daudingånd eller ei spådomsånd i seg, skal dei døy. Dei skal steinast; det kviler blodskuld på dei.