10. Når ein mann driv hor med ei gift kvinne, skal dei begge døy, både mannen og kvinna som har brote ekteskapet.
11. Den som ligg med kona til far sin, vanærar far sin. Dei skal begge døy; det kviler blodskuld på dei.
12. Når ein mann ligg med sonekona si, skal dei begge døy. Dei har gjort ei stygg gjerning; det kviler blodskuld på dei.
13. Når ein mann ligg med ein annan mann som ein ligg med ei kvinne, har dei begge gjort ei stygg gjerning. Dei skal døy; det kviler blodskuld på dei.
14. Når ein mann tek ei kvinne og mor hennar til kone, er det skamlaus ferd. Dei skal brennast, både han og kvinnene. Slik skamløyse må ikkje finnast mellom dykk.
15. Ein mann som har omgang med eit dyr, skal døy, og dyret skal de drepa.
16. Når ei kvinne går til eit dyr og parar seg med det, skal du drepa både kvinna og dyret. Dei skal døy; det kviler blodskuld på dei.
17. Når ein mann gifter seg med syster si, som har same far eller same mor som han, og dei har sett kvarandre nakne, då er det ei skam, og dei skal rydjast ut for augo på landsmennene sine. Han har lege med syster si og ført skuld over seg.
18. Den som går til sengs med ei kvinne som har månadstida si og ligg med henne, han har teke dekket av kjelda hennar, og ho har vist fram blodkjelda si. Dei skal begge rydjast ut or folket sitt.
19. Du skal ikkje liggja med syster til mor di eller far din. Den som det gjer, vanærar si eiga ætt. Dei fører skuld over seg.
20. Den som ligg med kona til farbror sin, vanærar farbror sin. Dei fører synd over seg og skal døy barnlause.
21. Når ein mann gifter seg med kona til bror sin, er det ei skamleg gjerning. Han vanærar bror sin; dei skal ikkje få born.
22. Gjev akt på alle føresegnene og lovene mine, og lev etter dei! Då skal de ikkje verta utspydde or det landet som eg vil føra dykk til og la dykk bu i.
23. Fylg ikkje skikkane åt dei folkeslaga som eg driv ut for dykk! Dei gjer alt dette, og difor har eg avsky for dei.
24. Men til dykk har eg sagt: De skal ta landet frå dei, eit land som fløymer med mjølk og honning. Eg vil la dykk få det til eige. Eg er Herren dykkar Gud, som har skilt dykk ut frå dei andre folka.
25. Difor skal de skilja mellom reine og ureine dyr og mellom ureine og reine fuglar, og ikkje gjera dykk sjølve avskyelege med å eta dei dyra eller fuglane eller krypdyra som eg har skilt ut og sagt at de skal halda for ureine.
26. De skal vera heilage for meg, for eg, Herren, er heilag, og eg har skilt dykk ut frå alle andre folkeslag, så de skal høyra meg til.