3. Mosebok 20:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herren tala til Moses og sa:

2. Sei til israelittane: Dersom ein israelitt eller ein innflyttar i Israel gjev eit av borna sine til Molok, skal han døy. Folket i landet skal steina han.

3. Eg vil venda meg mot den mannen og rydja han ut or folket, fordi han har gjeve barnet sitt til Molok og gjort heilagdomen min urein og vanhelga mitt heilage namn.

4. Dersom folket i landet lèt att augo for denne mannen som gjev barnet sitt til Molok, og ikkje drep han,

5. vil eg venda meg mot han og ætta hans. Eg vil rydja han ut or folket, både han og alle dei som fylgjer i fotefaret hans og dyrkar Molok.

6. Når nokon vender seg til gjengangarar og spådomsånder og i truløyse held seg til dei, vil eg venda meg mot han og rydja han ut or folket.

3. Mosebok 20