12. Når de tek offergåva av den fyrste grøda, kan de bera dette fram for Herren; men på altaret må det ikkje koma, til godange for han.
13. Alle grødeoffer skal du salta. Aldri må du la det vanta salt i grødeofferet ditt, for saltet høyrer med til pakta med din Gud. Difor skal du bera fram salt attåt alle offera dine.
14. Vil du bera fram for Herren ei offergåve av den fyrste grøda, skal du ta knust korn av nymogne aks, steikja det i elden og ofra det til Herren. Det skal vera offergåva di av den fyrste grøda.
15. Du skal hella olje over offeret og leggja røykjelse på det. Det er eit grødeoffer.