1. Når nokon vil bera fram eit grødeoffer for Herren, skal offergåva hans vera kveitemjøl. Han skal hella olje på mjølet, leggja røykjelse oppå
2. og koma med det til Arons-sønene, prestane. Presten skal ta ein neve av mjølet og oljen, og så all røykjelsen, og brenna det på altaret som eit påminningsoffer. Det er eit eldoffer til godange for Herren.
3. Det som er att av grødeofferet, skal Aron og sønene hans ha; det er ein høgheilag del av Herrens eldoffer.
4. Når du vil bera fram eit grødeoffer av noko som er steikt i omn, skal det vera av kveitemjøl, anten usyrte kaker med olje i eller usyrte brødleivar, smurde med olje.
5. Er offeret ditt eit grødeoffer som er steikt på helle, skal det òg vera av kveitemjøl som er blanda med olje, og usyrt.
6. Du skal bryta det i bitar og hella olje over det. Det er eit grødeoffer.
7. Er offeret ditt eit grødeoffer som er kokt i gryte, skal det lagast av kveitemjøl og olje.
8. Når grødeofferet er tillaga på ein av desse måtane, skal du bera det fram for Herren. Du skal koma til presten med det, og han skal bera det fram til altaret.
9. Av grødeofferet skal presten ta påminningsofferet og brenna det på altaret. Det er eit eldoffer til godange for Herren.
10. Og det som då er att av grødeofferet, skal Aron og sønene hans ha. Det er ein høgheilag del av Herrens eldoffer.
11. Eit grødeoffer som de vil bera fram for Herren, må ikkje lagast til med noko som er syrt. For korkje surdeig eller honning må de brenna som eldoffer for Herren.