4. De skal ikkje venda dykk til avgudane og ikkje laga dykk støypte gudebilete. Eg er Herren dykkar Gud.
5. Når de vil bera fram eit måltidsoffer for Herren, skal de gjera det såleis at han kan ha hugnad i dykk.
6. Same dagen som de ofrar, skal de eta kjøtet, eller dagen etter. Det som er att til tredje dagen, skal brennast.
7. Et nokon av offeret den tredje dagen, er det ein styggedom, og Herren tek ikkje imot han.
8. Den som et det då, fører skuld over seg, for han har vanhelga det som var vigt til Herren. Han skal rydjast ut or ætta si.
9. Når de haustar inn grøda i landet, skal du ikkje skjera kornet heilt ut til åkerkanten, og dei aksa som ligg att etter skurden, skal du ikkje plukka opp.
10. Når du haustar vingarden din, skal du ikkje sanka dei druene som heng att, eller henta opp dei som er neddotne. Dei skal du la vera att til dei fattige og innflyttarane. Eg er Herren dykkar Gud.
11. De skal ikkje stela og lyga, og de skal ikkje fara med svik mot landsmennene dykkar.