30. De skal halda sabbatsdagane mine og ha age for heilagdomen min. Eg er Herren.
31. De skal ikkje venda dykk til gjengangarar og spådomsånder og spørja dei til råds, så de vert ureine ved dei. Eg er Herren dykkar Gud.
32. Du skal reisa deg for dei grå hår og visa dei gamle ære. Du skal ha age for din Gud. Eg er Herren.
33. Når ein innflyttar bur i landet hjå dykk, skal de ikkje vera harde mot han.
34. Han skal vera som ein landsmann for dykk. Du skal elska han som deg sjølv. For de har sjølve vore innflyttarar i Egypt. Eg er Herren dykkar Gud.
35. De skal ikkje gjera urett mot nokon når de dømer, når de brukar lengdemål, vekt eller holmål.
36. Rett vekt og rette lodd, rett efa og rett hin skal de bruka. Eg er Herren dykkar Gud, som førte dykk ut or Egypt.
37. Gjev akt på alle føresegnene og lovene mine, og lev etter dei! Eg er Herren.