2. Sei til heile Israels-lyden: De skal vera heilage, for eg, Herren dykkar Gud, er heilag.
3. Kvar og ein av dykk skal ha age for mor si og far sin. De skal halda sabbatane mine. Eg er Herren dykkar Gud.
4. De skal ikkje venda dykk til avgudane og ikkje laga dykk støypte gudebilete. Eg er Herren dykkar Gud.
5. Når de vil bera fram eit måltidsoffer for Herren, skal de gjera det såleis at han kan ha hugnad i dykk.
6. Same dagen som de ofrar, skal de eta kjøtet, eller dagen etter. Det som er att til tredje dagen, skal brennast.
7. Et nokon av offeret den tredje dagen, er det ein styggedom, og Herren tek ikkje imot han.
8. Den som et det då, fører skuld over seg, for han har vanhelga det som var vigt til Herren. Han skal rydjast ut or ætta si.
9. Når de haustar inn grøda i landet, skal du ikkje skjera kornet heilt ut til åkerkanten, og dei aksa som ligg att etter skurden, skal du ikkje plukka opp.
10. Når du haustar vingarden din, skal du ikkje sanka dei druene som heng att, eller henta opp dei som er neddotne. Dei skal du la vera att til dei fattige og innflyttarane. Eg er Herren dykkar Gud.
11. De skal ikkje stela og lyga, og de skal ikkje fara med svik mot landsmennene dykkar.
12. De skal ikkje sverja falskt ved namnet mitt; for då vanhelgar du namnet åt din Gud. Eg er Herren.
13. Du skal ikkje rana og røva noko frå nesten din. Du skal ikkje la ein leigekars løn liggja natta over hjå deg.
14. Du skal ikkje forbanna den som er døv, og ikkje leggja stein i vegen for den som er blind. Du skal ha age for din Gud. Eg er Herren.
15. De skal ikkje gjera urett når de sit til doms. Du skal ikkje halda med nokon fordi han er fattig, og ikkje gje nokon rett fordi han er mektig. Rettferdig skal du døma landsmannen din.
16. Du skal ikkje gå ikring og baktala skyldfolket ditt. Du skal ikkje stå nesten din etter livet. Eg er Herren.