3. De skal ikkje fara åt som folket i Egypt, der de har butt, eller som dei gjer i Kanaan, det landet eg fører dykk til. De skal ikkje fylgja skikkane deira.
4. Mine lover skal de halda, og mine føresegner skal de akta på, så de fylgjer dei. Eg er Herren dykkar Gud.
5. De skal halda føresegnene og lovene mine. Det mennesket som rettar seg etter dei, skal leva ved dei. Eg er Herren.
6. Ingen av dykk må røra ei nærskyld kvinne og liggja med henne. Eg er Herren.
7. Du skal ikkje liggja med mor di og såleis vanæra far din. Ho er mor di; du skal ikkje liggja med henne.
8. Du skal ikkje liggja med stykmor di; ho høyrer far din til.
9. Du skal ikkje liggja med syster di, som har same far eller same mor som du. Anten ho er fødd heime eller ute, skal du ikkje liggja med henne.
10. Du skal ikkje liggja med sonedotter eller dotterdotter di; for såleis fører du skam over deg sjølv.
11. Du skal ikkje liggja med dotter til stykmor di som er dotter til far din òg; ho er syster di.
12. Du skal ikkje liggja med syster til far din; ho er i nær slekt med far din.
13. Du skal ikkje liggja med syster til mor di; ho står mor di for nær.
14. Du skal ikkje liggja med kona til farbror din; henne må du ikkje koma for nær. Ho er tanta di.
15. Du skal ikkje liggja med verdotter di. Ho er kona til son din; du skal ikkje liggja med henne.
16. Du skal ikkje liggja med kona til bror din; ho høyrer bror din til.
17. Du skal ikkje liggja med ei kvinne og dotter hennar. Heller ikkje skal du ta sonedotter eller dotterdotter hennar og liggja med dei; dei er i nær slekt med henne. Det er skamlaus ferd.
18. Du skal ikkje gifta deg med syster til kona di og liggja med henne medan kona di lever; for då skaper du strid mellom dei.
19. Du skal ikkje gå til ei kvinne og liggja med henne når ho har månadstida si og er urein.
20. Du skal ikkje liggja med kona til ein landsmann og såleis gjera deg urein.