3. Mosebok 17:5-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Difor skal israelittane koma til Herren med slaktoffera sine som dei plar ofra ute på marka, og føra dei fram til møteteltdøra, til presten, og ofra dei som måltidsoffer til Herren.

6. Presten skal skvetta blodet på Herrens altar, som står attmed møteteltdøra, og brenna feittet til godange for Herren.

7. Dei skal ikkje lenger ofra slaktoffera sine til dei vonde åndene, som dei driv avgudsdyrking med. Dette skal vera ei evig lov for dei, frå ætt til ætt.

8. Du skal seia til dei: Når ein israelitt eller ein av innflyttarane som bur i Israel, ber fram eit brennoffer eller slaktoffer

9. og ikkje kjem til møteteltdøra med det og ofrar det til Herren, då skal mannen rydjast ut or ætta si.

10. Når ein israelitt eller ein av innflyttarane som bur i Israel, et blod, då vil eg venda meg mot den mannen og rydja han ut or folket hans.

11. For ein skapnings liv er i blodet, og eg har gjeve dykk blodet på altaret til soning for dykk. Blodet sonar fordi livet er i det.

12. Difor har eg sagt til israelittane: Ingen av dykk må eta blod; heller ikkje innflyttarane som bur mellom dykk, må eta blod.

3. Mosebok 17