13. Når ein israelitt eller ein av innflyttarane som bur mellom dei, fangar eit vilt dyr eller ein fugl som dei har lov til å eta, skal han la blodet renna ut og ha jord over det.
14. For blodet er livet i kvar skapning. Difor sa eg til israelittane: De må ikkje eta blodet av nokon skapning, for blodet er livet i kvar skapning. Den som et det, skal rydjast ut.
15. Har nokon, anten han er fødd i landet eller han er innflyttar, ete av eit dyr som er sjølvdaudt eller ihelrive, skal han vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds. Då vert han rein att.
16. Dersom han ikkje vaskar kleda sine og laugar seg, fører han skuld over seg.