3. Mosebok 17:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herren tala til Moses og sa:

2. Sei til Aron og sønene hans og til alle israelittane: Dette har Herren sagt:

3. Når ein mann av Israelsætta slaktar ein okse, ein sau eller ei geit anten i eller utanfor leiren,

4. og ikkje leier dyret fram til møteteltdøra og ofrar Herren ei gåve framfor Herrens bustad, då skal det reknast for blodskuld. Den mannen har rent ut blod; han skal rydjast ut or folket sitt.

5. Difor skal israelittane koma til Herren med slaktoffera sine som dei plar ofra ute på marka, og føra dei fram til møteteltdøra, til presten, og ofra dei som måltidsoffer til Herren.

6. Presten skal skvetta blodet på Herrens altar, som står attmed møteteltdøra, og brenna feittet til godange for Herren.

3. Mosebok 17