3. Mosebok 16:22-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Bukken skal bera alle syndene deira med seg ut i villmarka, og mannen skal sleppa han der i øydemarka.

23. Så skal Aron gå inn i møteteltet og ta av seg linkleda som han hadde på då han gjekk inn i heilagdomen, og han skal leggja dei der.

24. Han skal lauga lekamen sin på ein heilag stad, ta på seg sine eigne klede og så gå ut og ofra brennofferet for seg og brennofferet for folket. Såleis skal han gjera soning for seg og for folket.

25. Feittet av syndofferet skal han brenna på altaret.

26. Den mannen som leidde bukken ut til Asasel, skal vaska kleda sine og lauga seg. Så kan han få koma inn i leiren.

27. Syndofferoksen og syndofferbukken, som dei tok blodet av og bar inn i heilagdomen til soning, skal førast ut or leiren, og skinnet og kjøtet og mageinnhaldet skal brennast.

28. Den som brenner det, skal vaska kleda sine og lauga seg. Så kan han koma inn i leiren.

29. Dette skal vera ei evig lov for dykk: Den tiande dagen i den sjuande månaden skal de fasta og ikkje gjera noko slag arbeid, korkje den som er fødd og fostra i landet, eller innflyttaren som bur mellom dykk.

3. Mosebok 16