3. Mosebok 16:15-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Så skal han slakta den bukken som er etla til syndoffer for folket, og bera blodet innanfor forhenget. Med det skal han gjera som han gjorde med blodet av oksen: skvetta det på soningsstaden og framfor soningsstaden.

16. Såleis skal han gjera soning for heilagdomen og reinsa han for ureinskapen som israelittane har ført over han med alle sine brot og synder. Det same skal han gjera med møteteltet, som er reist hjå dei midt i ureinskapen deira.

17. Det må ikkje finnast noko menneske i møteteltet frå Aron går inn og gjer soning i heilagdomen, og til han kjem ut att. Såleis skal han gjera soning for seg og huslyden sin og for heile Israelslyden.

18. Så skal han gå ut til altaret som står for Herrens åsyn, og gjera soning for det. Han skal ta litt av okseblodet og litt av bukkeblodet og stryka det rundt ikring på altarhorna.

19. Sju gonger skal han skvetta noko av blodet på altaret med fingeren og reinsa det for ureinskapen åt israelittane og vigsla det.

20. Når Aron har fullført soninga for heilagdomen, møteteltet og altaret, skal han leia fram den levande bukken.

21. Han skal leggja begge hendene på hovudet hans og skrifta over han alle dei misgjerningar, brot og synder som israelittane har gjort, og leggja dei på hovudet åt bukken. Så skal han senda han ut i øydemarka med ein mann som står ferdig.

22. Bukken skal bera alle syndene deira med seg ut i villmarka, og mannen skal sleppa han der i øydemarka.

23. Så skal Aron gå inn i møteteltet og ta av seg linkleda som han hadde på då han gjekk inn i heilagdomen, og han skal leggja dei der.

3. Mosebok 16