9. Kvar ridesal som den sjuke sit på, vert urein.
10. Den som kjem nær noko av det han har under seg, er urein heilt til kvelds. Og den som ber det bort, skal vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds.
11. Tek den sjuke bortpå nokon utan at han fyrst har skylt hendene sine i vatn, skal den han har teke på, vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds.
12. Kjem den sjuke nær eit leirfat, skal det knusast. Er det eit trefat, skal det skyljast i vatn.
13. Når den som har utflod, er vorten rein, skal han telja sju dagar fram frå den tid han vart rein. Då skal han vaska kleda sine og lauga seg i friskt vatn. Så er han rein.
14. Den åttande dagen skal han ta to turtelduer eller to dueungar og gå fram for Herrens åsyn, til møteteltdøra, og gje dei til presten.
15. Og presten skal ofra dei, den eine som syndoffer og den andre som brennoffer. Såleis skal presten gjera soning for han for Herrens åsyn og reinsa han for sjukdomen.
16. Når det går sæd frå ein mann, skal han lauga heile kroppen sin; han er urein heilt til kvelds.
17. Kvart klesplagg eller skinnplagg som det kjem sæd på, skal vaskast; det er ureint heilt til kvelds.
18. Når ein mann ligg med ei kvinne, og det går sæd frå han, skal begge lauga seg; dei er ureine heilt til kvelds.
19. Når ei kvinne har månadstida si, og det kjem blod frå lekamen hennar, er ho urein i sju dagar. Den som kjem nær henne, er urein heilt til kvelds.
20. Alt det ho ligg eller sit på medan ho er urein, vert ureint.
21. Den som kjem nær lega hennar, skal vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds.
22. Og den som kjem nær noko ho har sete på, skal vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds.