3. Mosebok 15:24-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. Dersom ein mann ligg med henne, og ureinskapen hennar kjem på han, er han urein i sju dagar, og alt det han ligg på, vert ureint.

25. Når det går blod frå ei kvinne i mange dagar, utan at ho har månadstida si, eller blodet går lenger enn vanleg, då er ho urein så lenge blødinga varer, som når ho har månadstida si.

26. Alt det ho ligg på medan blødinga varer, vert ureint, som når ho har månadstida si. Og alt det ho sit på, vert ureint, som når ho har månadstida si.

27. Den som kjem nær det, vert urein. Han skal vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds.

28. Når ho vert rein etter blødinga, skal ho telja sju dagar fram. Då er ho rein.

29. Den åttande dagen skal ho ta to turtelduer eller to dueungar og koma til presten med dei, til møteteltdøra.

30. Og presten skal ofra dei, den eine som syndoffer og den andre som brennoffer. Såleis skal presten gjera soning for henne for Herrens åsyn og reinsa henne for den ureine blødinga.

31. De skal fria israelittane for ureinskapen deira, så dei ikkje skal gjera bustaden min urein, den som står midt imellom dei, og døy i ureinskapen sin.

32. Dette er lova om menn som har utflod, og om dei som det går sæd frå, så dei vert ureine,

3. Mosebok 15