15. Og presten skal ofra dei, den eine som syndoffer og den andre som brennoffer. Såleis skal presten gjera soning for han for Herrens åsyn og reinsa han for sjukdomen.
16. Når det går sæd frå ein mann, skal han lauga heile kroppen sin; han er urein heilt til kvelds.
17. Kvart klesplagg eller skinnplagg som det kjem sæd på, skal vaskast; det er ureint heilt til kvelds.
18. Når ein mann ligg med ei kvinne, og det går sæd frå han, skal begge lauga seg; dei er ureine heilt til kvelds.
19. Når ei kvinne har månadstida si, og det kjem blod frå lekamen hennar, er ho urein i sju dagar. Den som kjem nær henne, er urein heilt til kvelds.
20. Alt det ho ligg eller sit på medan ho er urein, vert ureint.
21. Den som kjem nær lega hennar, skal vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds.
22. Og den som kjem nær noko ho har sete på, skal vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds.