3. Mosebok 15:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herren tala til Moses og Aron og sa:

2. Sei til israelittane: Når det kjem utflod frå lekamen åt ein mann, er han urein på grunn av væska.

3. Så lenge dette varer, fylgjer det ureinskap med han. Anten lekamen skil ut væske eller held henne att, er han urein.

4. Kvar lege han ligg på, og kvart sete han sit på, vert ureint.

5. Den som kjem nær lega hans, skal vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds.

6. Den som set seg på noko han har sete på, skal vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds.

7. Like eins skal den som kjem nær den sjuke sjølv, vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds.

8. Dersom den som har utflod, spyttar på ein som er rein, skal den han spytta på, vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds.

3. Mosebok 15