3. Mosebok 13:51-59 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

51. Den sjuande dagen skal han sjå på det att. Har flekken då breitt seg på plagget eller på det som er vove eller strikka, eller på skinnet eller på det som er laga av skinn, er det eit stygt åt. Det er ureint.

52. Han skal brenna det som det er flekker på, anten det er eit plagg eller noko som er vove eller strikka av ull eller lin, eller noko som er laga av skinn. For det er eit stygt åt. Det skal brennast.

53. Men dersom presten, når han ser på det, finn at flekken ikkje har breitt seg på plagget eller på det som er vove eller strikka, eller på det som er laga av skinn, kva det så måtte vera,

54. då skal han setja folk til å vaska det som det er flekker på, og halda det innelåst i sju dagar til.

55. Presten skal sjå på det etter at det er vaska. Finn han at flekkene ikkje ser annleis ut enn før, då er det ureint, jamvel om skaden ikkje har breitt seg. Du skal brenna det. Det er slikt som et seg inn, på retta eller ranga.

56. Men dersom presten ser på det og finn at flekkene har bleikna etter vasket, då skal han riva det av plagget eller skinnet eller av det som er vove eller strikka.

57. Kjem flekkene att sidan, på plagget eller på det som er vove eller strikka, eller på det som er laga av skinn, då er det åt som syner seg. Du skal brenna det som det er flekker på.

58. Men har eit plagg eller noko som er vove eller strikka, eller noko av skinn, flekker som går av når ein vaskar det, skal det vaskast ein gong til. Då er det reint.

59. Dette er lova om åt på klesplagg av ull eller lin og på det som er vove eller strikka, og på alle slag ting som er laga av skinn. Etter den skal dei seiast reine eller ureine.

3. Mosebok 13