5. Den sjuande dagen skal presten sjå på han att. Finn han då at flekken er som før og ikkje har breitt seg vidare utover på huda, skal han halda mannen innestengd i sju dagar til.
6. Den sjuande dagen skal presten sjå på han endå ein gong. Finn han då at den vonde flekken har bleikna og ikkje ete om seg, skal han seia frå at mannen er rein. Det er berre eit utslett. Han skal vaska kleda sine, og så er han rein.
7. Men breier utslettet seg etter at mannen har synt seg fram for presten og bede han seia frå at han er rein, skal han endå ein gong syna seg for presten.
8. Og presten skal sjå på han. Finn han at utslettet har ete endå meir om seg, skal han seia frå at mannen er urein. Då er det hudsjukdom som gjer urein.
9. Når nokon har fått denne sjukdomen, skal han førast til presten.
10. Og presten skal sjå på han. Finn han at det er ein kvit trote på huda med villkjøt i, og at håret der har kvitna,
11. då er det vedvarande hudsjukdom, og presten skal seia frå at han er urein. Han skal ikkje fyrst stengja mannen inne, for han er alt urein.
12. Men når utslettet bryt ut på huda, så det dekkjer den sjuke frå hovud til hæl, alle stader der presten kan festa augo,
13. skal presten sjå på han. Finn han at utslettet har breitt seg over heile kroppen, skal han seia frå at den sjuke er rein. Har han vorte kvit over heile kroppen, er han rein.
14. Men så snart det syner seg villkjøt på han, er han urein.
15. Når presten ser villkjøtet, skal han seia frå at han er urein, for villkjøtet er ureint. Det er hudsjukdom som gjer urein.
16. Går villkjøtet bort att og den sjuke vert kvit, skal han koma til presten.
17. Og presten skal sjå på han. Finn han at den vonde flekken har vorte kvit, skal han seia frå at den sjuke er rein. Då er han rein.
18. Får nokon ein svull på huda, og han vert lækt,
19. og det sidan kjem ein kvit trote eller ein bleikraud flekk der svullen var, skal han syna seg fram for presten.
20. Og presten skal sjå på han. Finn han at flekken ligg djupare enn skinnet, og at håret på han har kvitna, skal han seia frå at mannen er urein. Hudsjukdom som gjer urein, har brote ut i svullen.
21. Når presten ser på den vonde flekken og finn at det ikkje er kvite hår der, og at flekken ikkje ligg djupare enn skinnet, og at han har bleikna, skal han halda mannen innestengd i sju dagar.
22. Et så flekken meir og meir om seg, skal presten seia frå at mannen er urein. Det er hudsjukdom som gjer urein.
23. Men held den bleike flekken seg på same staden utan å breia seg, er det berre æret etter svullen, og presten skal seia frå at mannen er rein.