3. Mosebok 13:37-56 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

37. Men tykkjer presten at skurvflekken held seg på same staden, og har det vakse svarte hår på han, då er sjukdomen lækt. Mannen er rein, og presten skal seia frå at han er rein.

38. Får ein mann eller ei kvinne flekker, kvite flekker på kroppen,

39. skal presten sjå på dei. Finn han bleike, kvite flekker på skinnet, er det berre eit ufarleg utslett som har brote ut, og mannen eller kvinna er rein.

40. Om ein mann misser håret på hovudet så han vert snau, er han likevel rein.

41. Misser han pannehåret og vert skallet, er han rein.

42. Men viser det seg ein bleikraud flekk der han er skallet, anten det er i nakken eller i panna, er det hudsjukdom som bryt ut.

43. Presten skal sjå på han. Finn han ein bleikraud trote i nakken eller skallen, og det ser ut til å vera hudsjukdom som gjer urein,

44. då har mannen fått denne sjukdomen. Han er urein, og presten skal seia frå at han er urein. Han har hudsjukdom i hovudet.

45. Den som har fått hudsjukdom som gjer urein, skal riva sund kleda og la håret hanga fritt. Han skal sveipa eit plagg kring skjegget og ropa: «Urein, urein!»

46. Så lenge han er sjuk, er han urein. Han skal bu for seg sjølv. Utanfor leiren skal han halda til.

47. Kjem det åt på eit klesplagg av ull eller lin,

48. eller på noko som er vove eller strikka av lin eller ull, eller på skinn eller noko som er laga av skinn,

49. og det er grønvorne eller raudvorne flekker på plagget eller skinnet eller det som er vove eller strikka, eller på det som er laga av skinn, då er det åt, og det skal synast fram for presten.

50. Presten skal sjå på det som åtet er kome på, og halda det innelåst i sju dagar.

51. Den sjuande dagen skal han sjå på det att. Har flekken då breitt seg på plagget eller på det som er vove eller strikka, eller på skinnet eller på det som er laga av skinn, er det eit stygt åt. Det er ureint.

52. Han skal brenna det som det er flekker på, anten det er eit plagg eller noko som er vove eller strikka av ull eller lin, eller noko som er laga av skinn. For det er eit stygt åt. Det skal brennast.

53. Men dersom presten, når han ser på det, finn at flekken ikkje har breitt seg på plagget eller på det som er vove eller strikka, eller på det som er laga av skinn, kva det så måtte vera,

54. då skal han setja folk til å vaska det som det er flekker på, og halda det innelåst i sju dagar til.

55. Presten skal sjå på det etter at det er vaska. Finn han at flekkene ikkje ser annleis ut enn før, då er det ureint, jamvel om skaden ikkje har breitt seg. Du skal brenna det. Det er slikt som et seg inn, på retta eller ranga.

56. Men dersom presten ser på det og finn at flekkene har bleikna etter vasket, då skal han riva det av plagget eller skinnet eller av det som er vove eller strikka.

3. Mosebok 13