29. Får ein mann eller ei kvinne ein vond flekk på hovudet eller i skjegget,
30. skal presten sjå på flekken. Finn han at flekken ligg djupare enn skinnet, og det er gult, tynt hår på han, skal han seia frå at mannen er urein. Det er skurv, hudsjukdom på hovudet eller i skjegget.
31. Tykkjer presten som ser på skurvflekken, at han ikkje ligg djupare enn skinnet, og det ikkje er svarte hår på han, skal han halda den som har flekken, innestengd i sju dagar.
32. Den sjuande dagen skal presten sjå på flekken. Finn han då at skurven ikkje har breitt seg, og at det ikkje er gult hår på han, og at han ikkje ser ut til å liggja djupare enn skinnet elles,
33. skal mannen som har skurv, raka seg, men ikkje på skurvflekken, og presten skal halda han innestengd i sju dagar til.
34. Den sjuande dagen skal presten sjå på skurvflekken. Finn han då at skurvflekken ikkje har breitt seg, og at flekken ikkje ser ut til å liggja djupare enn skinnet elles, skal han seia frå at mannen er rein. Han skal vaska kleda sine, og så er han rein.
35. Dersom skurven breier seg på skinnet etter at mannen vart sagd rein,
36. skal presten sjå på han. Finn han at skurven har breitt seg, skal han ikkje leita etter det gule håret. Mannen er urein.
37. Men tykkjer presten at skurvflekken held seg på same staden, og har det vakse svarte hår på han, då er sjukdomen lækt. Mannen er rein, og presten skal seia frå at han er rein.
38. Får ein mann eller ei kvinne flekker, kvite flekker på kroppen,
39. skal presten sjå på dei. Finn han bleike, kvite flekker på skinnet, er det berre eit ufarleg utslett som har brote ut, og mannen eller kvinna er rein.
40. Om ein mann misser håret på hovudet så han vert snau, er han likevel rein.
41. Misser han pannehåret og vert skallet, er han rein.
42. Men viser det seg ein bleikraud flekk der han er skallet, anten det er i nakken eller i panna, er det hudsjukdom som bryt ut.
43. Presten skal sjå på han. Finn han ein bleikraud trote i nakken eller skallen, og det ser ut til å vera hudsjukdom som gjer urein,
44. då har mannen fått denne sjukdomen. Han er urein, og presten skal seia frå at han er urein. Han har hudsjukdom i hovudet.
45. Den som har fått hudsjukdom som gjer urein, skal riva sund kleda og la håret hanga fritt. Han skal sveipa eit plagg kring skjegget og ropa: «Urein, urein!»
46. Så lenge han er sjuk, er han urein. Han skal bu for seg sjølv. Utanfor leiren skal han halda til.