3. Mosebok 13:14-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Men så snart det syner seg villkjøt på han, er han urein.

15. Når presten ser villkjøtet, skal han seia frå at han er urein, for villkjøtet er ureint. Det er hudsjukdom som gjer urein.

16. Går villkjøtet bort att og den sjuke vert kvit, skal han koma til presten.

17. Og presten skal sjå på han. Finn han at den vonde flekken har vorte kvit, skal han seia frå at den sjuke er rein. Då er han rein.

18. Får nokon ein svull på huda, og han vert lækt,

19. og det sidan kjem ein kvit trote eller ein bleikraud flekk der svullen var, skal han syna seg fram for presten.

20. Og presten skal sjå på han. Finn han at flekken ligg djupare enn skinnet, og at håret på han har kvitna, skal han seia frå at mannen er urein. Hudsjukdom som gjer urein, har brote ut i svullen.

21. Når presten ser på den vonde flekken og finn at det ikkje er kvite hår der, og at flekken ikkje ligg djupare enn skinnet, og at han har bleikna, skal han halda mannen innestengd i sju dagar.

22. Et så flekken meir og meir om seg, skal presten seia frå at mannen er urein. Det er hudsjukdom som gjer urein.

23. Men held den bleike flekken seg på same staden utan å breia seg, er det berre æret etter svullen, og presten skal seia frå at mannen er rein.

24. Har nokon fått eit brannsår på huda, og kjøtet som gror i såret, viser seg som ein bleikraud eller kvit flekk,

25. skal presten sjå på såret. Finn han at håret på den bleike flekken har kvitna, og at flekken ligg djupare enn skinnet, då har hudsjukdom brote ut i brannsåret. Det er hudsjukdom som gjer urein, og presten skal seia frå at mannen er urein.

3. Mosebok 13