1. Herren tala til Moses og Aron og sa:
2. Når nokon får trote, utslett eller ein ljos flekk på skinnet, og det kan verta til hudsjukdom som gjer urein, skal dei gå til Aron, presten, med han, eller til ein av sønene hans, prestane.
3. Presten skal sjå på den vonde flekken. Dersom håret der har kvitna, og den vonde flekken ser ut til å liggja djupare enn skinnet, då er det hudsjukdom som gjer urein. Når presten ser det, skal han seia frå at mannen er urein.
4. Men er den vonde flekken kvit, og han ikkje ser ut til å liggja djupare enn skinnet, og håret på han ikkje har kvitna, skal presten halda den sjuke innestengd i sju dagar.
5. Den sjuande dagen skal presten sjå på han att. Finn han då at flekken er som før og ikkje har breitt seg vidare utover på huda, skal han halda mannen innestengd i sju dagar til.
6. Den sjuande dagen skal presten sjå på han endå ein gong. Finn han då at den vonde flekken har bleikna og ikkje ete om seg, skal han seia frå at mannen er rein. Det er berre eit utslett. Han skal vaska kleda sine, og så er han rein.
7. Men breier utslettet seg etter at mannen har synt seg fram for presten og bede han seia frå at han er rein, skal han endå ein gong syna seg for presten.
8. Og presten skal sjå på han. Finn han at utslettet har ete endå meir om seg, skal han seia frå at mannen er urein. Då er det hudsjukdom som gjer urein.
9. Når nokon har fått denne sjukdomen, skal han førast til presten.
10. Og presten skal sjå på han. Finn han at det er ein kvit trote på huda med villkjøt i, og at håret der har kvitna,
11. då er det vedvarande hudsjukdom, og presten skal seia frå at han er urein. Han skal ikkje fyrst stengja mannen inne, for han er alt urein.
12. Men når utslettet bryt ut på huda, så det dekkjer den sjuke frå hovud til hæl, alle stader der presten kan festa augo,
13. skal presten sjå på han. Finn han at utslettet har breitt seg over heile kroppen, skal han seia frå at den sjuke er rein. Har han vorte kvit over heile kroppen, er han rein.
14. Men så snart det syner seg villkjøt på han, er han urein.