3. Mosebok 12:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herren tala til Moses og sa:

2. Sei til israelittane: Når ei kvinne skal ha barn og får ein son, er ho urein i sju dagar. Ho er urein like lenge som når ho har månadstida si.

3. Den åttande dagen skal førehuda åt guten skjerast av.

4. Sidan skal ho halda seg heime i trettitre dagar, medan blodet går og ho vert reinsa. Ho må ikkje røra noko heilagt og ikkje koma til heilagdomen før reinsingsdagane hennar er ute.

3. Mosebok 12