3. Mosebok 11:33-44 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

33. Dett eit slikt dyr ned i eit leirkar, vert alt det som er i karet, ureint, og karet skal de slå sund.

34. All mat som folk et, og som vert tillaga med vatn, vert urein, og all drikk som folk drikk, vert urein i slike kar.

35. Alt det som eit slikt daudt dyr dett ned på, vert ureint. Anten det er ein bakeomn eller ein kokeomn, skal dei slåast sund. Dei er ureine, og ureine skal dei vera for dykk.

36. Berre kjelder og brunnar som det samlar seg vatn i, er like reine. Men den som kjem nær det daude dyret som ligg der, vert urein.

37. Dett dyret ned i korn som skal såast, er kornet like reint.

38. Men har dei slege vatn på kornet, og det så dett eit daudt dyr nedi, skal de halda kornet for ureint.

39. Når eit dyr som de kan eta, døyr, og nokon kjem nær det daude dyret, då er han urein heilt til kvelds.

40. Den som et av dyret, skal vaska kleda sine, og han er urein heilt til kvelds. Og den som ber eit slikt dyr, skal òg vaska kleda sine, og han er urein heilt til kvelds.

41. Alle smådyra som det kryr av på marka, er ein styggedom. Dei må ikkje etast.

42. Anten dei kryp på buken, eller dei går på fire eller fleire føter, må de ikkje eta dei. Dei er ein styggedom.

43. Få ikkje på dykk styggedomen frå desse krypa på marka! Akta dykk for ureinskapen frå dei, så de ikkje sjølve vert ureine!

44. For eg er Herren dykkar Gud. De skal helga dykk og vera heilage; for eg er heilag. De skal ikkje gjera dykk ureine med noko av det krypet som rører seg på marka.

3. Mosebok 11