14. Er det ein fugl han vil ta til brennoffer åt Herren, skal det vera ei turteldue eller ein dueunge.
15. Presten skal bera fuglen fram til altaret, vri hovudet av han og brenna det på altaret. Blodet skal pressast ut mot altarveggen.
16. Han skal ta ut kråsen med det som er i den, og kasta det på austsida av altaret, der den feite offeroska ligg.
17. Så skal presten slita laus vengene, men ikkje riva dei av, og brenna fuglen på altaret, på veden som er lagd på elden. Det er eit brennoffer, eit eldoffer til godange for Herren.