3. Mosebok 1:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herren ropa på Moses og tala til han frå møteteltet:

2. Tal til israelittane og sei til dei: Når nokon av dykk vil bera fram for Herren eit offer av buskapen, kan de ta offeret anten av storfeet eller av småfeet.

3. Er det eit brennoffer av storfeet han vil gje, skal det vera ein okse som er utan lyte. Han skal leia dyret fram til møteteltdøra, så Herren kan ha hugnad i han.

4. Og han skal leggja handa på hovudet åt offerdyret. Då skal offeret tekkjast Herren og vera til soning for han.

5. Så skal han slakta oksen for Herrens åsyn, og Arons-sønene, prestane, skal bera fram blodet og skvetta det rundt ikring på altaret som står framfor møteteltdøra.

6. Sidan skal han flå offerdyret og lema det sund,

7. og Arons-sønene, prestane, skal kveikja opp eld på altaret og leggja veden til rettes på elden.

8. Dei skal leggja kjøtet og hovudet og feittet oppå veden som er lagd på altarelden.

9. Innvolen og føtene skal vaskast i vatn, og så skal presten brenna alt saman på altaret. Det er eit brennoffer, eit eldoffer til godange for Herren.

10. Tek han offeret av småfeet, av sauene eller geitene, skal det vera ein lytelaus ver eller bukk.

11. Den skal han slakta på nordsida av altaret, for Herrens åsyn, og Arons-sønene, prestane, skal skvetta blodet rundt ikring på altaret.

12. Så skal han dela offerdyret opp i stykke, og presten skal ta stykka saman med hovudet og feittet og leggja dei til rettes oppå veden som er lagd på altarelden.

13. Innvolen og føtene skal vaskast i vatn, og så skal presten bera fram alt saman og brenna det på altaret. Det er eit brennoffer, eit eldoffer til godange for Herren.

3. Mosebok 1