2. Samuelsbok 7:5-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Gå og sei til David, tenaren min: Så seier Herren: Skulle du byggja eit hus åt meg til å bu i?

6. Eg har då ikkje butt i hus heilt frå den tid eg førte israelittane opp frå Egypt, og til denne dag. Men eg har ferdast ikring med eit telt til bustad.

7. Har eg i all den tid eg ferdast ikring med israelittane, nokon gong sagt til ein av Israels domarar som eg sette til å vakta Israel, folket mitt: «Kvifor har de ikkje bygt meg eit hus av sedertre?»

8. Og no skal du seia til David, tenaren min: Så seier Herren, Allhærs Gud: Eg henta deg frå beitemarka der du fylgde saueflokken, og sette deg til fyrste over Israel, folket mitt.

9. Eg var med deg kvar du gjekk, og rudde ut alle fiendane dine for deg. Og eg vil la deg vinna eit namn så stort som berre dei største på jorda har det.

10. Eg vil stella til ein bustad åt Israel, folket mitt, og planta dei der. Dei skal få bu i landet sitt og aldri verta uroa meir; valdsmenn skal ikkje plaga dei som i gamle dagar.

11. Såleis har det vore frå den tid eg sette domarar over Israel, folket mitt. Men deg har eg gjeve fred for alle fiendane dine. Og no forkynner Herren deg at han vil byggja eit hus åt deg.

12. Når tida di er ute, og du kviler hjå fedrane dine, då vil eg etter deg reisa opp din eigen son og etterkomar, og eg vil grunnfesta kongedømet hans.

13. Han skal byggja eit hus åt namnet mitt, og eg vil tryggja kongsstolen hans til evig tid.

14. Eg vil vera far for han, og han skal vera son min. Når han gjer det som vondt er, vil eg tukta han med manneris og menneskeslag.

15. Men mi miskunn skal eg ikkje ta frå han, så som eg gjorde med Saul, han som eg lét vika for deg.

16. Ditt hus og ditt kongedøme skal alltid stå fast for mitt åsyn, og din kongsstol skal stå støtt til evig tid.

17. Alle desse orda og heile dette synet bar Natan fram for David.

2. Samuelsbok 7