14. Så sende David nokre menn til Isjbosjet, son til Saul. Dei skulle seia: «Gjev meg att Mikal, kona mi, som eg vann meg til brur med førehudene av hundre filistarar.»
15. Då sende Isjbosjet bod og tok henne frå mannen hennar, Paltiel, son til Lajisj.
16. Mannen fylgde med. Han gjekk gråtande etter henne heilt til Bakurim. Der sa Abner til han: «Far heim att!» Då snudde han og fór heim att.
17. Imedan hadde Abner tala med dei eldste i Israel og sagt: «I lang tid har de ynskt å få David til konge.
18. Så lat han no verta det! For Herren har sagt om David: Gjennom David, tenaren min, vil eg berga Israel, folket mitt, frå filistarane og alle dei andre fiendane deira.»
19. Sameleis tala han med mennene frå Benjamin òg. Så fór han til Hebron og ville fortelja David kva israelittane og alle benjaminittane hadde sett seg føre.
20. Då Abner kom til David i Hebron med eit fylgje på tjue mann, heldt David eit gjestebod for han og mennene som var med han.
21. Og Abner sa til David: «No vil eg fara i veg og samla heile Israel for deg, herre konge. Så gjer dei pakt med deg, og du kan rå over heile det riket du ynskjer deg.» David lét Abner fara, og han drog trygt bort.
22. Davids menn og Joab kom heim frå ei herjeferd og hadde mykje hærfang med seg. Abner var då ikkje lenger hjå David i Hebron, for David hadde late han fara, og han hadde drege trygt bort.
23. Då Joab var vel heime att med heile hæren, kom det nokre menn til han og sa: «Abner Nersson kom til kongen, og han lét han fara trygt bort.»
24. Då gjekk Joab inn til kongen og sa: «Kva er det du har gjort? Når Abner kom til deg, kvifor lét du han då fara sin veg?
25. Du kjenner då Abner Nersson? Han kom hit berre for å lura deg og for å få greie på kvar du ferdast, og kva du tek deg føre.»
26. Då Joab kom ut att frå David, sende han nokre menn etter Abner, og dei fekk han til å snu ved Sira-brunnen. Men det visste ikkje David.
27. Då så Abner kom attende til Hebron, tok Joab han til sides i byporten og lest vilja tala med han i fred og ro. Der rende han sverdet inn i magen hans og drap han; han ville hemna Asael, bror sin.