2. Samuelsbok 3:10-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Eg vil ta kongedømet frå Sauls-ætta og reisa Davids kongsstol både over Israel og Juda, frå Dan til Be’er-Sjeba.»

11. Isjbosjet torde ikkje svara eit ord, så redd var han Abner.

12. Så sende Abner nokre menn til David. Dei skulle seia: «Kven er det som eig landet? Gjer pakt med meg, så skal eg hjelpa deg og få heile Israel til å gå over til deg.»

13. David svara: «Godt, eg vil gjera pakt med deg. Berre ein ting krev eg av deg: At du ikkje kjem for augo mine utan at du har med deg Mikal Saulsdotter.»

14. Så sende David nokre menn til Isjbosjet, son til Saul. Dei skulle seia: «Gjev meg att Mikal, kona mi, som eg vann meg til brur med førehudene av hundre filistarar.»

15. Då sende Isjbosjet bod og tok henne frå mannen hennar, Paltiel, son til Lajisj.

16. Mannen fylgde med. Han gjekk gråtande etter henne heilt til Bakurim. Der sa Abner til han: «Far heim att!» Då snudde han og fór heim att.

17. Imedan hadde Abner tala med dei eldste i Israel og sagt: «I lang tid har de ynskt å få David til konge.

18. Så lat han no verta det! For Herren har sagt om David: Gjennom David, tenaren min, vil eg berga Israel, folket mitt, frå filistarane og alle dei andre fiendane deira.»

19. Sameleis tala han med mennene frå Benjamin òg. Så fór han til Hebron og ville fortelja David kva israelittane og alle benjaminittane hadde sett seg føre.

20. Då Abner kom til David i Hebron med eit fylgje på tjue mann, heldt David eit gjestebod for han og mennene som var med han.

2. Samuelsbok 3